Seniorfellesskap

Med Heimdal 60+ Seniorfellesskap vil vi legge til rette for fellesskap og tryggheit for seniorar. Eit moderne bygg, som er bygd etter dei siste standardane, betyr at den enkelte andelseigar ikkje treng tenkje på drift av tekniske innretningar, vedlikehald, snømoking med meir. Den enkelte leilegheita er ein komplett bustad med alt ein treng. I tillegg vil Heimdal innehalde fleire felles funksjonar som stue, kjøkken, soverom og snekkarbod. Her kan ein delta i felles aktivitetar og være en del av et fellesskap. Det å bu i eit slikt fellesskap gir tryggheit for den enkelte.

Med Heimdal blir det slutt på einsemd. Erfaringa frå andre tilsvarande prosjekt er svært god. Det å måtte sette seg inn i ein bil for å besøke andre er ei stor ulempe. På Heimdal er det få steg unna å treffe andre.

Heimdal har gode finansieringsvilkår. Burettslag får gode vilkår på fellesgjelda. Og burettslaget blir også ein del av forsikringsordningar som er framforhandla på vegne av alle burettslag. Dette sikrar gode vilkår. Du finansierer sjølv 50% av byggesummen for din leilegheit i egen bank. Resten av byggesummen blir organisert som ei felles gjeld som Notodden Boligbyggelag etablera, og du betaler din del i den månadlege husleiga

Kva kostar det?

Du kan gjerne samanlikne dette med å kjøpe ei vanleg bankfinansiert leilegheit. Men hugs då:

I den månadlege husleiga ligg det innbefatta:

  • Forsikring av eigedommen.

  • TV abonnement

  • Straumforbruk i fellesareal

  • Kommunal renovasjonsavgift

  • Kommunal vatnavgift

  • Kommunal avløpsavgift

  • Revisjon og forretningsførsel for burettslaget

  • Avsetning til nokre felles drifts- og vedlikehaldskostnadar

  • (Innbuforsikring ordnar andelseigaren sjølv)

Når du kjøpar ei vanleg bankfinansiert leilegheit så kjem alle desse kostnadane i tillegg. Det utgjer fleire tusen kroner å månaden.

I tillegg så vil ei vanleg bankfinansiert leilegheit vanlegvis ikkje ha heis då slike bustader vanlegvis byggjast i ein eller to etasjar.

I tillegg vil ikkje ei vanleg bankfinansiert leilegheit vanlegvis ikkje ha felles aktivitetsrom som stue, kjøkken, ekstra soverom og snekkarbod. Desse romma som skapar fellesskap.

Ofte spurte spørsmål

Kva er eit burettslag?

Svar: Notodden Boligbyggelag tek arbeidet og risikoen med å bygge prosjektet på Heimdal. Dei som kjøper ei leilegheit i blir andelseigar i Heimdal. Når bygget er klart kan andelseigarane flytte inn, og då vert Heimdal Burettslag skipa. Det er andelseigarane saman som utgjer Heimdal Burettslag og som eig eigedomen saman. Notodden Boligbyggelag vil etter at Heimdal er ferdig levert vere forretningsførar og rådgjevar for burettslaget.

Kva er fordelane med eit burettslag?

Svar: Du betaler berre 50% av byggekostnaden i innskot, men disponerer 100% av leilegheita med alt som høyrer til. Saman med dei andre andelseigarane disponerer du fellesareal inkludert kjeller og carport.

Resten av byggekostnaden er avdragsfri i 20 år, men du betalar renter av din del av lånet på den andre halvdelen (50%) som boligbyggelaget betaler for bygget. Dette vert kalla burettslagets fellesgjeld, og du betalar dette som del av husleiga/felleskostnad pr. månad.

Kva er med i felleskostnadene?

Svar: Renter på fellesgjeld (som nemnt ovanfor), kommunale avgifter, forsikring på leilegheita, data/TV tilkobling, brøyting, vaktmestertenester, utvendig vedlikehald.

Kva skjer om ein andelshavar ikkje klarar å betale for felleskostnader, må dei andre andelshavarane då betale meir? Eller er familien ansvarleg?

Svar: Når Heimdal er ferdig utbygd og tatt i bruk vil burettslaget bli innmeldt i Sikringsordningen. Dette er ei sikring av felleskostnadane for alle burettslag i Noreg. Er det slik at ein andelseigar ikkje klarer å betale sin del av felleskostnadane så er det Sikringsordningen som dekker dette, og ikkje dei andre andelseigarane. Det er Notodden Boligbyggelag som står ansvarleg for å få inn felleskostnaden frå den einskilde, dei vil rettleiie den som har betalingsvanskar om bostøtte, og andre offentlege ordningar som kan vera til hjelp. Men skulle dette ikkje hjelpe andelseigaren så vil Sikringsordningen ta støyten. Skulle ein andelseigar over tid ikkje klare å betale for seg så må leilegheita seljast.

Kva skjer når eg døyr eller ikkje lenger kan bu i leilegheita, har då familien ansvar for felleskostnadane?

Svar: Når ein sel andelen så blir fellesgjelda værande att og neste eigar overtek ansvaret for sin del av fellesgjelda i burettslaget. Fellesgjelda følgjer leilegheita og ikkje eigaren. Viss arvingane ikkje vil overta leiligheita så vil Boligbyggelaget så snart som råd selje leilegheita til marknadspris innanfor dei reglane som gjeld for Heimdal Burettslag. Når kostnaden med sjølve salet og eventuell rydding og oppussing er betalt får arvingane utbetalt resten av salssummen. Fellesgjelda

I Vinje er buplikt, gjeld den også for BBL og kva med grensa på 60 år for å koma inn?

Svar: Buplikta gjeld også for Heimdal Burettslag sidan dette er bustad i kommunen. Grensa på 55 år gjeld også, sidan dette er heile formålet med prosjektet – at nettopp denne aldersgruppa skal få eit tilbod som gjer at dei kan bu lengst mogleg heime. Dette fordi dei bur midt i sentrum, har tilgang på alt eit sentrum kan tilby, får mykje samvær og kontakt med kvarandre - mykje på grunn av fellesareala som aukar livskvalitet, trivsel, tryggleik og buevne. Dette er sjølve grunnpilaren for prosjektet på Heimdal.

Korleis stiller kommunen seg til prosjektet på Heimdal?

Svar: Kommunen har støtta prosjektet aktivt. Kommunen har sjølv kjøpet ei leilegheit til eige bruk. Kommunen har også støtta prosjektet med 6,2 MNOK i direkte finansiering. Dette har redusera byggekostnaden. Kommunen ser ein stor fordel med at fleire seniorar bur samen. Med dette så fylgjer dei opp alle tilrådingar og krav frå stat, fylkeskommune og kommunen sjølv om gjera sitt til å få ned kostnadene som fylgjer med at folk lever lenger og må klare seg lenger heime.

Kva skjer om det er uselde andelar i burettslaget?

Svar: Det er utbyggjar, Notodden Boligbyggelag, som har ansvar og risiko for uselde andelar. Utbyggar må betale felleskostnadar for uselde andelar fram til dei er selgde.

Er du interessert?

Sjå prospekt her. Prisliste finn du under Boligvelgjar

Visninger

Visning etter avtale

Kontakt oss

Interessert i leilegheit?

Kontakt oss for meir