Heimdal inneheld 14 leilegheiter. Desse har frå eitt til tre soverom, og er komplette bueiningar med soverom, bad, kjøkken og stoge. Her er det mogleg til å finne ei leilegheit som passar. Sjå på Boligveljar for informasjon om kvar enkelt leilegheit.

2 hotellrom med bad

Når du bur på Heimdal kan du i tillegg til dine eigne soverom i di leilegheit nytte 2 hotellrom med et eige bad.

Desse romma ligg sentralt midt i fellesarealet i Heimdal. Når slektningar og vener vil besøke deg så er det plass. Dei to hotellromma kan nyttast. Det er andelseigarane saman som vedtek korleis desse to romma blir disponert best mogleg. Det er ein del av felleseige i burettslaget..

Felles stoge og kjøkken

Kvar einskild leilegheit er komplett med soverom, stoge og kjøkken. I tillegg er det eit romsleg felles kjøkken med tilhøyrande stoge. Dette er eit felles areal som alle andelseigarane fritt kan bruke. Her kan det skapast hyggelege samlingar.

Snekkerbod

Må ein slutte å være kreativ når ein bur på Heimdal? Nei! Heimdal legg til rette for at du kan ha aktive fritidssyssel. Ei snikkarbod på 20 m2 er på plass i underetasjen. Her er det ikkje berre snikring som kan utførast. Her blir det mogleg å ha verktøy og reiskap ein treng for å vere kreativ.  

Carport, Sykkelparkering og Sportsbod

På Heimdal er det god plass til 13 syklar i underetasjen. Her står sykkelen din tørt og sikkert. I tillegg har kvar leilegheit ei eiga låsbar sportbod på om lag 6 m2. Her kan du lagre det du vil ha av utstyr på ein sikker måte.  

Det er eit felles carportanlegg der kvar andelseigar har plass til sin bil.

Er du interessert?

Sjå prospekt her. Prisliste finn du under Boligvelgjar

Visninger

Visning etter avtale

Kontakt oss

Interessert i leilegheit?

Kontakt oss for meir